Wednesday, January 22, 2014

Etc.

- Eg prøvar å lage mat. Sunn mat. Ein del av vegen mot eit betre liv. Eg får hjelp av min ven Nobu og Rema 1000. Eg laga Wok. Godt! Trong litt meir saus, for smakens skuld.

- Eg prøvar å be tidebøn (lite å skryte av her :-S) Eg tala med ein god ven. Han sa at det å be tidebøn var noko av det som hadde forandra han mest  i livet. Tankevekkande. Efrem forlag har gjeve ut bok på nynorsk, og bokmål, med bøner for heile veka. Ein stad å byrje. Eg tenker på Hart og austleg meditasjon. Ein kjenner Gud ved meditasjon, ikkje (berre) ved resonnering. Tenk på det! Det er viktig. Hm. Eller les boka hans.

- Eg var innom min ven Atle S på MF, og vi fekk ein lang samtale om teologiens og filosofiens status i moderniteten, samt kvar vegen går vidare for kyrkja. Vi har lest mange felles bøker. Eg har lese ein del på andre felt, og ein del innan thomismen. Han har lese ein del på andre felt. Eg fekk ein del nye tankar, og fornya mot. Han fekk ein del tips av meg også, om gode bøker, og tankar. Veldig hyggeleg gjort å setje av tid til meg.

- Korleis skal ein be for maten? Eg tala med nokre Jehovas vitne. Eg sa: "Vel, vi bed 'Å du som metter'". Ho svara: "Ja, det gjorde vi også då vi var born." Eg er samd med henne. Men korleis skal ein mogen kristen be for maten? Kanskje slik: "Himmelske far, velsign desse dine gåver som du har gjeve oss ved din milde godleik. Ved Kristus, vår Herre, amen [Krossmerket]". Det trengst massiv oppfriskning av "familiespiritualiteten" i Noreg i vår tid.

- Eg tenker kontinuerleg på dette: At det er ein del av menneskets kår i verda å ikkje vite alt, og heller ikkje vere i stand til å vite alt, og heller ikkje å kunne vente på å vite alt godt nok før ein handlar og tek avgjerande val. Det er ein del av å vere skapning at vi aldri kjem til å kjenne Gud og skaparverket fullstendig. Jo, vi skal sjå "andlet til andlet" og "verkeleg kjenne" i Guds rike. Men ikkje no (og også i Guds rike vil vi stadig kome djupare i kjennskap til Gud, i fylgje Gregor av Nyssa).

Så kva gjer ein, i moderne sekulær pluralisme, gjeve slike kår????? Andre spelereglar no enn før 1000-talet, for ikkje å seie før 1500-talet. På ein måte tenker på "fundamentalismen" som eg vaks opp med, som meinte å ha "alle svara", og avkrevde lojalitet. Velmeinande, og bra så langt det rakk. Men naturlegvis meir eller mindre ute av kontakt med røyndomen og dens kompleksitet! Det er klart at den modellen bryt saman når ein orienterer seg i verda. Så kva skal ein gjere? Setje av 10 år til å studere, for å finne svara?

Jo, takk, men det er det eg er i ferd med å innsjå at...vel...lat meg seie det slik: I forskning - teologisk forskning som også inkluderer meditasjon og liturgi etc. (jfr. Louth, Discerning the mystery). - så kjem vi stadig nærare sanninga. Eg har lært mykje av Kuhn her. Vi opererer innan paradigmer, men det finst visse "tverr-paradigmatiske kriterier for sanning" likevel! Vi kjem nærare sanning, slik vi kjem djupare inn i livet med Gud ved meditasjon. Likevel; vi finn ikkje eit svar med to strekar under. Vi får ikkje eit "God's eye-view". Det er ein ibuande del av kåra ved å vere menneske, det er noko ein bør akseptere som, uh, noko godt.

Så kva gjer vi? Til dømes er det ein ganske interessant konklusjon for meg at det ikkje nødvendigvis finst "rette" løysingar på val eg gjer i livet (eg opererer naturlegvis innan kristen tradisjon og moral, så ikkje misforstå. Men sjølv gjeve dette, då). Det kan bli ei dygd å velje på sviktande grunnlag, i ein del vesentlege situasjonar. Det kan krevje meir mot og "phronesis" (praktisk innsikt og visdom) enn "logos/ratio".

Og elles, ang. dette med å velje rett ang. eksistensielle og kyrkjelege spørsmål. Puh. Det er jo Gud sjølv som på sett og vis har bragt oss inn i denne spennande, men kunnskapsmessig vanskelege, situasjonen. Som kyrkje må vi saman med resten av verda freiste å finne dei gode vegane vidare (ingen klarer det åleine). Men vi treng ein tradisjon som bind ting saman, som kan halde oss i sporet på ulike vis, og binde saman heile den teologiske "enterprise'n".

Jaja, nokre tankar. Tilbake til dei kappadokiske fedrane og mora (det var fire av dei, ikkje tre).

2 comments:

Lars said...

Apropos bordbøn: "I Fadren, Sonen og Den heilage andes namn" skulle vel vera gangbart. ("Less is more")

Hallvard N. Jørgensen said...

Ikkje dumt, det :)