Monday, January 20, 2014

Lause refleksjonar om teologi

Eg vart utfordra av ein oppegåande ven om å seie nokre ord om teologi. Vel, eg kunne reflektere litt. Så eg skreiv det fylgjande. Før eg limar det inn, vil eg minne dykk alle om at det er debatt om ateisme og kristendom på Litteraturhuset i kveld, arrangert av Skaperkraft. Meld dykk på HER. Eg trur ikkje nett at ting vil bli løyste på ein time (for å seie det mildt). Men det kan setje i gang litt tankerekker hjå både kristne og ikkje-kristne. Det er verkeleg flott med utveksling av tankar her, og eg både håpar og trur at tonen vil bli respektfull. Dersom de vil ha dei beste svara eg sjølv har kome over, i desse spørsmåla, samanfatta i populær form, så er det Ed Fesers "Last Superstition" og DB Harts "Experience of God" som er bøkene å lese, og så kan ein gå vidare med referansar om ein vil gå djupare. Hart har også fleire referansar til seriøs ateist-litteratur, m. a. JL Mackie.


Eg hadde eigentleg tenkt å fortelje om ein analogi mellom Tetris og livet mitt. Men det tok for lang tid. Grunnpoenget er uansett at det ikkje alltid er best strategi i Tetris å "byggje perfekt" utan hol i byggverket. Faktisk fungerer det ofte betre å rydde unna linjer, sjølv om ein også skaper ein del hol. Saka er at når ei linje er borte, skapast det eit nytt bilete i byggverket, det opnar seg nye moglegheiter. Poenget mitt var at dette liknar på noko eg har lært om livet. Ein kan tenke her og no at ein skal planleggje langt fram, og ha "alt klart", så å seie. Men saka er heller at ein bør freiste å gjere val som ein trur er rett, sjølv om det er på sviktande grunnlag. Nye moglegheiter vil opne seg opp, og ting vil ofte ordne seg, sjølv om det er på måtar ein ikkje venta. Dette i motsetning til "stalling", som medfører at brettet berre blir fylt opp, linjene ikkje blir borte, og ein tapar spelet (i trass av at ein kanskje - med dei brikkene ein fekk - klarte å byggje perfekt, utan å lage nye "hol"). Eg trur det er ein kristeleg lærepenge i dette også. Faktisk er det å ha for sterke "skruplar" ei synd i middelalderen. I seinare luthersk tradisjon er skruplar ofte ei dygd. Og urkristendomen tala jo om å ta sjansar, jamvel om også måtte "vurdere om ein hadde nok til å byggje tårnet, eller gå til krig." Det eg freistar å seie her, er kanskje at, hm. Det kan vere ein myte at det finst "ein perfekt måte" å gjere ting på i livet og dei vala ein tek, sjølv om dette ofte er nærliggjande å tenke for meg. Hm. Dette er faktisk ganske konsekvensrike greier for meg, dvs. det å tenke rett om desse tinga (finst det éin rett måte å tenke om dei?? :-P )Her trengst visdom. Anyways. Blablabla. Her kjem nokre tankar om teologi, som refleksjonar til ei problemstilling som min oppegåande ven reiste.


"Det er forskjell på å tenke på kristendom som teologi - "proposisjonar i Bibelen" - og å tenke på det som levd liv, nedarva i tradisjonar, i liturgi, i spiritualitet etc. Også "trudde proposisjonar" er ein del av nedarva kristendom, naturlegvis. Poenget mitt er vel berre at ein tradisjon alltid har ein "surplus of meaning" som aldri vil kunne fangast opp i bøker, eller vil kunne grunngjevast heilt og fullt. Det er ganske stor forskjell på katolsk/ortodoks og luthersk grunnteologisk forståing her, ikkje sant. (Eg er påverka noko av Congar her, men må lese meir i hans "True and false reform in the church.") Vel, poenget mitt er vel kanskje noko om at kyrkjas liv og verke og tradisjon representerer ei "grunngjeving" og eit vitnesbyrd i seg sjølv; kyrkja er eit "teikn i og for verda," som Wright så sterkt understrekar i sin siste Paulus-teologi (Kyrkja er det aller viktigaste "symbol of the Christian worldview" for Paulus).

- Men dette kan jo ikkje vere det siste ordet heller. Vel. Eg har uansett vorte rikt inspirert av gresk filosofi, og eg mistenker at mykje av vegen vidare for spørsmålet om "sanning" i teologien ligg i gjenoppdaging av dei greske kyrkjefedrene og Aquinas. Når ein involverer filosofien, blir det med eitt vanskeleg å skjule seg bak "second order"-utsegner om at "teksten seier det og det, men eg veit ikkje om dette er sant". Eg trur noko av grunnårsaka til at Milbank (eller til dømes Chesterton) fekk si "vekking" var at han nettopp, ved å lese von Balthasar, fekk sjå at filosofien stadfesta ortodoksien, dvs. "anglo-katolsk" ortodoksi. Teologien kunne ikkje lenger bevege seg fritt i ein isolert sfære. (Men eg har ikkje lese Milbanks Theology and Social Th, som nok er ganske viktig her).

- Imidlertid gav kyrkjefedrane prioritet til openberringa, i høve til filosofien. Sistnemnde skulle underordnast fyrstnemnde. Eg tenker stundom på dette, at freistinga i vår tid - også for "konservative" - er å gjere det motsette. Så ein må kanskje gå inn på ei seriøs drøfting av kva openberring eigentleg er. Sjølv mistenker eg her at det er mykje viktig stoff å finne ved å gå gjennom kristologien på nytt, og sjå kva Gud-menneske relasjonen i Kristus eigentleg peikar i retning av, med omsyn til relasjonen mellom teologi og filosofi, Gud og verda. For min eigen del veit at eg at mykje av den kristologien som min konservative tradisjon har gjeve meg, har vore altfor enkel her, og kanskje stundom på grensa til "heretiske" retningar i dogmedanninga.

- For øvrig interessant å lese Harts siste bok om Gud. Han peikar på at kjennskap til Gud krevar "korrekt metode," dvs. ein metode som svarar til objektet ein skal bli kjent med. Konseptuell analyse, og klassisk metafysikk, har sin plass her, i å gje rom for - og verne om - mysteriet, samt å sortere våre umiddelbare erfaringar (t. d. av godleik, sanning, venleik). Men til sjuande og sist er det meditasjon det heile munnar ut i; og slik avsluttast også boka hans, med ein del interessante refleksjonar om kva det vil seie å vere open for Gud i kontemplasjon. Det tykkjer eg er veldig interessant.

2 comments:

RMB said...

Kloke ord.

Godt jeg ikke er nedadgående!

Hallvard N. Jørgensen said...

Hehe, nei, du er ikkje det.