Monday, January 20, 2014

Litt pludring om debatten i kveld



Samstundes kan ikkje dette standpunktet haldast, utan innanfor ein brei og ansvarleg og tenande og kjærleiksfull visjon for menneskelivet. Det må også understrekast.

Var på debatt i kveld. Atle var informert om tematikken (Gud og vitskap), dei andre i veldig varierande grad (og nokre heldt ganske problematiske teologiske oppfatningar. Verdt å hugse at einkvar som uttalar seg om kva/kven Gud er o. l., uttalar seg som teolog). Men alle var saklege og heldt ein fin tone. Og alle tok opp viktig tematikk, og hadde stundom viktige poeng. Og vi fekk møte kvarandre og snakke saman og bli betre kjent. Det er veldig viktig! Det var hyggeleg å helse på Gule og HP, til dømes.

Til neste gong kan debatten skjerpast noko, temamessig. Og så bør ein invitere skikkelege fagfolk. Kanskje berre to. Veit ikkje om det finst i Noreg på ateistisk side, eigentleg (dvs. ateistar som konsentrerer seg om religionsfilosofi og har master el. l. i dette). Kanskje ein kan invitere nokon frå utlandet, det hadde vore topp. Men eg var der for å treffe kjentfolk, og det gjorde eg. Eg kan for øvrig nemne at eg sjølv har større tru på thomismens metafysikk og gudsforståing enn den Swinburnske som Atle presenterte. Men

Sjølve debattformatet reiser ein del issues. Eg trur at seriøse argument er heilt nødvendige for å overtyde folk om plausibilitet i den kristne trua. Når det er sagt: Det er mykje som er viktigare enn "revolverdebatt." Å skape gode miljø for å møtast. Å skape tryggleik og tillit: "Eg vil deg vel, sjølv om vi er usamde." Å bli samde om kva vi faktisk er samde om, og kan stå saman om. Å våge å vere ærlege og sårbare om det som VERKELEG tel for oss (på slike debattar lærer ein ikkje sjeldan at det som "ligg under" for human-etikarar, er såre kjensler knytt angst, dom, helvete, synd etc. Fullt ut forståeleg, og eg har djup respekt for slikt.)

Og når ein har studert filosofi ei stund, skjønar ein kor djup og kompleks usemja faktisk er, mellom moderne ateistar og ulike variantar av kristne. Lat meg seie det igjen: Djup og kompleks. Det er umogleg å i det heile klarleggje usemja i løpet av ti minutt; ein treng vel heller ti dagar (minst). Så ein kan ikkje ha for store ambisjonar for kva ein faktisk kan få til i løpet av ein debatt. Det er det verdt å hugse på.

Denne er for øvrig også morosam ;) ;)



Ei sak til. Eg blir kjent med meg sjølv ved introspeksjon, men særleg i møte med Den andre. Noko eg etter kvart har lært, er at eg er ganske følsom og lett å...hm..."anterere". Eg har ein psyke som kan vere litt sårbar. Kritikk går inn på meg, til dømes, og eg er ganske samvitsfull. Det er eit fint personlegdomstrekk i visse samanhengar, til dømes når eg er prest og skal hjelpe folk, eller når eg er i lag med vener og familie. Det er også eit personlegdomstrekk som ein må "foredle". Til dømes for at eg skal trivast, og sove godt, og ha ei god helse, og forholde meg til andre på ein god måte etc. Dette er jo noko alle må gjere, ikkje sant, dvs. kjenne seg sjølv og leve på ein god måte. Men ja, for debattens del tenker eg på dette. Eg likar godt å lese litteratur, og samtale om teologi og anna. Men eg likar ikkje polemikk, eg likar ikkje krangling, eg likar ikkje kritikk etc. Eg likar ikkje så godt debattar av denne typen, det går inn på meg, liksom. Eg føler eg må finne svar og prove at eg har rett. Kor konstruktive er slike debattar? Dei må førast på saklege måtar, med respekt og varme. Elles er det meir problematisk, potensielt sett. Berre ein tanke! Eg høyrer gjerne dykkar tankar.


2 comments:

Heidi said...

Jeg er også veldig følsom, men da jeg var yngre lot jeg ofte engasjementet ta over, slik at jeg stadig fant meg i omfattende debatter som gjorde meg utslitt i lang tid etter de var over. Nå holder jeg oftere enn før munn for å beskytte meg selv, og i tillegg har jeg vel mildnet en god del. Dog er jeg ikke så mild som du, for jeg har tenkt en del på det når jeg ser hvor vennlig du møter meningsmotstandere - det er fint å se. Debatter i seg selv synes jeg for øvrig ikke er så ille, men det blir verre om de blir usaklige og urimelige - eller bare rotete. Kritikk synes jeg også er greit så lenge den bunner i medfølelse. Debatten i går ble for rotete for meg, ettersom det for meg virket som om ingen egentlig snakket om det samme, og det stresset meg, så jeg skrudde av etter en stund. De færreste endrer vel posisjon etter slike debatter, men jeg tror de har en funksjon i det at de kan inspirere publikum til å tenke nøyere gjennom og lære mer om problemstillingene som blir tatt opp. Det er vel noe med det å nå dem som ikke kommer til å lese bøker om disse temaene. På den annen side er det vel i første rekke spesielt interesserte som ser dem, så ja, det er ikke sikkert de har så mye for seg.

Hallvard N. Jørgensen said...

På den eine sida, på den andre sida :) Ja, eg freistar å vere mild mot meiningsmotstandarar, det løner seg i det lange løp, har eg funne ut. Like fullt kan det vere ganske mykje som "boblar" under overflaten. Men det er jo dette som har med å foredle eins eigne reaksjonar og disposisjonar. Vel, takk for innspelet!