Saturday, January 25, 2014

Nye bøker

Eg er heldig; eg har løn, så eg har pengar. Eg kjøper bøker som eg tenker er viktige (og eg kjøper som regel dei som er rekna som dei aller beste i verda; sparar meg for masse trøbbel med å måtte revidere dårlege "judgments".) Og eg har ofte opplevd at det er nyttig og viktig å ha slike bøker i hylla, som eg kan plukke fram når eg treng dei. Eg kjem ikkje til å lese alle frå perm til perm, men håpar å få lært av alle.

Det er for øvrig viktig å lese bøker. Men det er ikkje nett det same som å forske. Å lese bøker er på ein måte ikkje sååå krevjande; ein får servert perspektiv som er ferdigtygde. Likevel; ein bør lese kritisk, stille spørsmål til teksten frå ulike vinklar etc. Dette blir ein på sett og vis tvinga til når ein skal bruke bøker inn eit skrive-prosjekt ein sjølv driv med, som belyser eit problem frå noko andre vinklar.

Men det er klart; å lese gjer at ein tenker hen imot visse tematikkar, får utfordra sine tidlegare perspektiv, må tenke nytt eller djupare om ting etc. Eg har hatt ein ide om å dekke alle relevante felt, og få godt, "syntetisk" overblikk. Vel. Eg er på sett og vis på god veg, og er glad for alt eg har fått lært, men det er jo berre ei byrjing. Det sjølvstendige, kritiske (frå gresk "krinein", som tyder "å skjelne") arbeidet krev langt meir "drøvtygging" på meir spesialisert stoff, over tid, for å verkeleg bli ein "master" i det. Uansett, ja! Det var nye bøker. Dei fylgjer her.

Fyrst vil eg peike på ei bok eg ikkje har bestilt. Det er Jordan Howard Sobels "Logic and theism", som kanskje er den beste bok som går imot Guds eksistens. Ei grundig og seriøs religionsfilosofisk bok. WL Craig har for øvrig grundig (og med djup respekt) meldt boka her. Men ja, eg har ikkje bestilt boka enno, eg berre nemner ho, for den som skulle vere interessert i å gå verkeleg djupt inn i desse tinga. JL Mackie er andre gode alternativ. (Sjå elles DB Harts liste med boktips ved å søke litt på bloggen ved å søke på "Hart" og "boktips")

"A Catholic's guide to Rome" (Korn)
Denne boka inneheld masse interessant om kyrkjer, historie etc. Ei veldig spennande bok å sjå på til neste gong eg skal til Roma og lære meir om tidleg kristendom.


"Teaching with Authority: Theology of the Magisterium in the Church" (Gaillardetz)
Denne boka er nok veldig interessant. Forfattaren er verdsekspert på temaet, og viser korleis tanken om magisteriet har vore i utvikling i DKK, særleg i moderne tid. Viktig bok for endeleg å få eit godt grep om dette utruleg viktige temaet. Eg meiner...hm...det er ganske "imperative" å få eit godt grep om dette, om ein skal vurdere kva det vil seie å vere katolikk i dag, om de skjønar. Som Noll/Nystrom peikar på i si evangelikale bok om DKK i dag, er det særleg kyrkje- og autoritetssynet som skil katolikkar og protestantar i dag; det er dette som framfor alt må tenkast gjennom.

"The Vindication of tradition" (Pelikan)
Denne skal bli spennande. Tradisjonstanken er utruleg viktig for teologien. Dvs. i kva grad, hm, tradisjonar målber sanning og rasjonalitet. Og korleis teologi som verksemd bør foregå. Og kva rolle tradisjon skal spele i kyrkjas liv.


"The First Seven Ecumenical Councils, 325-787: Their History and Theology" (Davis)
Ein klassiker. Viktig for å få eit godt grep om desse konsila, som var veldig viktige for Luther, og som også er uhyre viktige for gresk-ortodokse og katolske. Ja, dei er svært viktige for også i dag å vite kva som er ortodoksi, inn i viktige spørsmål knytt til filosofi/naturvitskap/teologi.


Iustitia Dei (McGrath)
Dette er den viktigaste boka om kyrkjehistoriske syn på rettferdiggjering. Veldig viktig for økumenikken her. Veldig god bok.

Signs of life (Hahn)
Om felleskyrkjelege og katolske riter, gestar, bøner, skikkar etc. Veldig viktig for at trua skal takast med inn i livet; dette er veldig viktig for at trua skal overleve i vår tid! Viktig for prestetenesta mi også.


The Fathers of the Church: A Comprehensive Introduction (H Drobner)
Eg har lese mykje om oldkyrkja, men har aldri fått eit godt oversyn over kyrkjefedrane. Vi får sjå. Stor bok :) Men veldig god. Kanskje mest referanse og oppslag.

One Body: An essay in Christian sexual ethics (A Pruss)
Denne er nok veldig god, trur eg. Veldig kritikarrost. Blir kanskje mest referanseverk. Men dette temaet dukkar stadig opp, så det er ei viktig bok å ha.


No God, No Science: Theology, Cosmology, Biology (M Hanby)
Denne bør vere god. Kosta 500 kroner(!) Fattar ikkje at ei bok må vere så dyr. Men dette blir veldig spennande, sidan han gjev metafysiske "premiss" for ein skapartanke i vår tid. Anar verkeleg ikkje heilt kva han kjem til å seie, men trur boka verkeleg er god.


Structure and being (Puntel)
Denne boka er nok blytung, og ho bekymrar meg litt, sidan ho presenterer eit grundig - men konkurrerande - metafysisk rammeverk til klassisk substansontologi. Eller, slik har eg forstått det! Så det kan bli krevjande å tenke godt gjennom dette. Men utfordringar er til for å løysast ;-) Eller ein kan i det minste prøve. Eg trur uansett at det er mykje å hente her. Og det blir spennande å sjå kva konkrete argument han tek i bruk, sidan han ser behovet for å revidere klassisk filosofi her. Puntel er for øvrig "all the rage" på MF for tida.

Systematic Theology, vol 2 (Jenson)
Fordi eg fekk tips om at Jenson tenkte interessant om kyrkjesynet. Blir spennande å sjå kva han seier. Jenson er veldig belest og flink. Men eg har etter kvart vorte ganske belest sjølv, så det skal bli spennande å sjå korleis eg vurderer Jenson no, "10 år etter" (vi hadde band 1 på pensum på MF, og det var noko tungt. Lettare no.)

Introduction to Christianity (Benedict XVI)
Denne er veldig kritikarrost. Blir litt snacks, tenker eg. Blir spennande å sjå om han kan overraske meg.

Meaning of tradition (Congar)
Congar er topp. Denne boka skal bli interessant.

Four views on the role of works at the final judgment (Dunn, Schreiner etc.)
Ok, her bryt eg prinsippet mitt om å kjøpe best mogleg bøker. Men det er litt snacks for å sjå ulike posisjonar her. Viktig for å hjelpe meg å vurdere den katolsk-lutherske disputten rundt desse tinga.

Beyond Reduction: Philosophy of Mind and Post-Reductionist Philosophy of Science (S Horst)
Veit ikkje nett kor god denne er. Dvs. håpar ho er god. Veldig inspirert av Nancy Cartwright.

Elles er det også ein del bøker om arvesynd, synd, evolusjon, menneskesyn etc. som eg ikkje nett har fått bestilt enno. Men det er ein tematikk som ligg og ventar, og som ropar på å bli behandla seriøst. Det finst ein del interessante bøker om dette, gje beskjed om de er interesserte i meir info om dette.






6 comments:

Heidi said...

Jeg er interessert. Synes forresten flere av bøkene var en smule dyre, i hvert fall til å være engelskspråklige bøker.

Jeg leser Jenson nå, og det er litt tungt - det er en stund siden jeg leste fagbøker på engelsk, merker jeg, men jeg prøver å ta lesningen mer på alvor nå.

Hallvard N. Jørgensen said...

Spennande! Ja, Jenson er verkeleg noko tungt. Og bøkene var dyre, men eg skal arbeide 100% framover, så då går det :)

Hallvard N. Jørgensen said...

Ja, kan nemne at eg jamfører prisar på amazon og bookdepository. Det er fraktfritt på sistnemnde, og som regel lik pris eller (opptil ein god del) billegare. Ein kan også gå på bookfinder.com og sjå etter brukte bøker. Eg kjøper som regel bruka på betterworldbooks.com.

Heidi said...

Bookdepository har jeg ikke brukt før. Takk for tips! Jeg pleier stort sett å bruke Adlibris eller Fishpond, nå som Amazon tar frakt igjen, men etter noen prøvesøk, ser jeg at Bookdepository stort sett er den billigste blant de nevnte.

Andreas Ose Marthinussen said...

Så mye som dere begge to leser, hadde det ikke lønnet seg med å importere en Kindle? Om man kjøper en del tyngre litteratur så er dingsen som oftest spart inn etter ca 15 bøker, pluss minus.

Hallvard N. Jørgensen said...

Hei, takk for tipset. Eg er nok veldig glad i å ha fysiske bøker å lese i, notere i, ha i bokhylla, bla i etc. Men vi får sjå etter kvart.