Monday, January 27, 2014

Pludring

- Så eg les litt i Bouteneffs "Beginnings", om korleis oldkyrkja forstod Gen 1-3. Lesingane der hjå kyrkjefedrane er ganske differensierte og sofistikerte, og kan vise oss ein veg vidare i vår tid, for gode og ortodokse lesingar av tekstane som samstundes tek omsyn til rådande naturvitskap. Som så ofte bør ikkje "fundamentalistiske" lesingar frå dei siste hundreåra vere vår standard i hemeneutikk, teksttolking, bibelsyn og systematikk. Eller som Cunningham understreka: Wrestling med evolusjon medførte at han måtte forkaste mange moderne kristendomsoppfatningar, og gå djupare bak i kyrkjas ortodokse tradisjon. Men det må heile vegen vere kreativ nytenking innanfor tradisjonens grenser. Trass alt kjente ikkje kyrkjefedrane til evolusjon.

- Eg tala med fleire vener i går. Dei tala engasjert om kva dei hadde høyrt i tale og vitnesbyrd på møte, gudsteneste, messe. Om behovet for sjølverkjenning, dersom ein skal motta nåden. Om jødisk bakgrunn for detaljar i Apostelgjerningane. Om ein mann som hadde vakse opp som kristen og kome bort frå trua, men seinare funne attende. Eg høyrde på ein tale om bøn og økumenikk, og deretter på ein tale om at Jesus bed oss om å møte kvarandre slik som han møtte Bartimeus. Eg tenkte: Kva ville vi snakka om dersom ingen hadde gått på møte, gudsteneste, messe i dag? Korleis ville liva våre sett ut? Ei lita kursendring. Men mange kumulative gjer eit stort utslag. Og messa i St Olav er vakker. Etter messa likar eg å sitje stille, ei god stund, og berre ta det med ro. Mange folk blir att i kyrkja, nokre knelar, nokre tenner ljos, nokre ryddar altaret. Eg tek livet meir med ro no.

- Det er sterk motstand mot reservasjon for legar, her i landet. Det går mot mørkare tider. Men Skaparverket med all dets godleik tilhøyrer jo Gud, og kyrkja er der.

- Så eg les om Nietzsche og hans kristendomskritikk. Han hadde eit fordreid syn på historisiteten i evangelia om Jesus; han hadde ingen NT Wright til å utfordre han eller hjelpe han. Men han hadde eit sterkt ideal om vitskapleg, historisk arbeid - i motsetning til berre å ta teksten som den står, så å seie, utan kritisk gjennomtenking. Han kritiserer også kristologiske lesingar av GT; dette er eit felt det er viktig for kristne i dag å tenke gjennom, liksom. Dvs. forholdet mellom historisk eksegese og systematisk, kyrkjeleg, narrativ, kristologisk, formaningsbasert bruk av GT. Her må nok "kyrkjeleg lesing" skilje seg frå vitskapleg, til dels.

Men det som slår meg veldig sterkt, er kor fordreid kristendomsforståinga hans er, nærare bestemt: Fordreid av hans lutherske tradisjon. Det seier noko om at Luthers kritikk, som kunne ha ting for seg i sin kontekst (jamvel om han vart fremja altfor krast, tykkjer eg), får ein ganske annan karakter når han blir gjort til ein eigen tradisjon og ei eiga lære. Kort sagt kritiserer Nietzsche skiljet mellom tru og gjerningar ("vi kan umogleg leve opp til Kristi lov"), samt skiljet mellom tru og fornuft ("Trua er noko anna enn fornufta; det som gjeld er å tru, ikkje å vite").

Svært mykje av Nietzsches kritikk er på sett og vis forståeleg, gjeve den kristendomsforståinga han vaks opp med (mange lutherske prestar i familien), og den historiske forståinga av Paulus han vaks opp med (d. e. Paulus som "proto-lutheraner" som i det store og det heile forkynte at vi er og blir syndarar som ved "tru" får tilgjeving). Men det er mykje der som Nietzsche rett og slett tok feil i; mykje av kritikken rammar ikkje ei meir seriøs historisk forståing av NT, samt kristendomsforståing og kristendomspraksis i oldkyrkjeleg og middelaldersk kristen tradisjon (eg har for øvrig stor respekt for Luther som kristen og ekseget, berre så det er sagt. Men det var ein dynamikk i reformasjonskritikken, som fekk store konsekvenser. Skisma er ekle greier, sidan det gjer at dogmatikken fort blir einsidig og ubalansert. Men ein skal vere varsam med å tilskrive den eine eller den andre sida all skuld for skismaet).

Vel, i det heile eit veldig spennande felt å tenke vidare gjennom. Det seier noko om kor utruleg viktig seriøst og ansvarleg teologisk arbeid er. Kva hadde Nietzsche sagt dersom han hadde blitt utfordra av seriøs thomisme og seriøs forsking på NT a la Wright? Kritikken hans måtte sett veldig annleis ut. Arbeide for seriøs teologi: Det er også den tanken som ligg til grunn for NT Wrights "livskall". Å arbeide for å skifte ut dårleg teologi med god teologi (metodikken for dette - som er veldig fin når det gjeld det reint historiske arbeidet - finn du i hans NTPG). For øvrig er det mykje spennande å hente ved å lese Nietzsche. Eg brukar Kaufmanns flotte "grunnbok", som gjev eit godt riss av hans tenking, i hans kontekst (eg kjem aldri til å bli nokon ekspert på N). Men Nietzsches moralsyn er og blir djupt problematisk, sjølv om vi må søke å forstå han på hans eigne premiss. Her er det Jesus mot Dionysios.

- Eg tenker på dette: At BF Skinner vart ein sentral fyr i å fremje radikal-behaviorisme på 1900-talet. Men i vitskapsfilosofien lærte vi noko om at vitskapen generelt sett - med omsyn til sanning - ville vore betre tent med andre, meir balanserte representantar for behaviorismen. Kvifor vann Skinner likevel fram? Fordi han var sterk, pågåande, trassig, modig (ok, noko i den retninga - de skjønar vel biletet). Poenget er at vitskapen - og generell akademisk diskurs, eller offentleg opinionsdanning - ikkje berre foregår ved reint rasjonell samtale der det beste argumentet vinn fram. Tenk litt på det. Jfr. Hunters "To change the world," som eg har skrive om før her på bloggen. Her er poenget eit litt anna; ikkje berre at samfunn endrast ved a) mektige elitar som b) opererer rundt "common causes" i c) uthaldande arbeid i d) nettverk og e) institusjonar som har f) stor kulturell kapital og g) høg kvalitet på arbeidet (kan hende eg gløymte nokre kriterier, men dette er dei viktigaste).

Poenget her er eit litt anna. At det å fremje standpunkt, og få gjennomslag, også krev Chutzpah; dvs. NOKON må ha det, medan andre kanskje kan vere litt bak "frontlinjene" (litt valdsam metafor her, kanskje), og bidra med forsyningar framover. Skjønar de kva eg meiner? Det er ikkje alltid dei beste argumenta og teoriane som vinn fram, men derimot dei folka som verkeleg pressar på, på sett og vis. Det ideelle må vere å kombinere båe ting, naturlegvis. Vel - berre nokre tankar. Strategisk tenking er ikkje uviktig, om de skjønar. Men alt må gjerast i kjærleik, med omsyn til kva som er det beste for nesten. "Om eg vinn alle debattar og når fram til all sanning og klarer å påvise alle moglege brist i logiske resonnement - men ikkje har kjærleik; då eg er eg ingenting."

- I dag er det Holocaust-dagen. Holocaust var ei "ad hoc"-løysing på at masse jødar vart flyktningar i tysk-okkuperte land, der tyskarane kondemnerte eigedom (jfr. Rees' bok om Auschwitz). Kva skulle ein gjere? Vel, etter ein del om og men var den enklaste løysinga å utrydde dei. Men denne forferdelege løysinga kunne ikkje skjedd utan at ei rekke premiss var på plass. Til dømes at det tyske folket hadde valt nazistpartiet, som hadde skaffa seg "allmakt" (eg trur ikkje vi kan forstå dette valet før vi verkeleg forstår kor tiltrekkande dette alternativet var i mellomkrigstida.) Og ikkje utan at utryddingspraksis - og det livssynet og menneskesynet som gjorde dette mogleg - allereie steg for steg hadde utvikla seg i eugenikk-prosessane i mellomkrigstida. Det var stort sett berre kristne - blant dei fyrst og fremst katolske - som gjorde aktiv motstand mot eugenikken, og som sa tydeleg ifrå. Slik er det også i vår tid (sjølv om folk i dag heldigvis har ein slags "moralsk vaksinering" som fylgje av andre verdskrig. Men denne er i ferd med å miste si kraft).

Det var det for no.

5 comments:

Annwes said...

Off topic: Har retta på filmmusikklinken nå, funkar den?

andreas s said...

Et eklaterende eksempel på at vaksineringen fra krigen har mistet sin kraft, er debatten rundt reservasjonsretten. For svært mange av motstandere lar det skinne igjennom at de ikke bare er motstandere av reservasjonsretten for fastleger, men også stiller seg uforstående til selve konseptet rundt samvittighetsfrihet. For noen år siden vil jeg tro at de fleste debattanter ville ha omtalt samvittighetsfrihet i respektfulle ordelag før de eventuelt ville ha hevdet at fastleger ikke burde falle innenfor en slik ordning. I dag virker det som om de fleste ikke vet hva samvittighet og hva meningen er med det. Hva tror du? Uansett; ja, fremtiden ser mørk ut.

Hallvard N. Jørgensen said...

Hei, Andreas! Ja, det er ikkje så lett å vinne gehør for medvitsargument lenger. Eg var på Civita-frokost i forfjor (var det vel). Overlege Kristoffersen var i panelet. Han gjennomfører sjølv abort, men understreka sterkt behovet for samvitsfridom her. Han peika på det som skjedde før krigen, med eugenikk, og sa også at han frykta at denne "vaksineringa" var i ferd med å miste si kraft.

Men, sa han, han rekna med at dette ville gå seg til, og at departementet ville snu når dei innsåg det prinsipielle i saka. Men den gong ei; no har motstanden mot reservasjon vorte forsterka. Jfr. Aftenpostens leiar i dag.

Vel, spennande tider! Og eg tenker på at det den som fremjer eit ynskje om samvitsfridom på eit område, også må vise at ynskjet byggjer på plausible grunnar. Slike grunnar finst det mange av, men dei fremjast nesten ikkje i Noreg. Det er eit tilfelle av at vi som kristne har vorte "innkapsla" litt for mykje, meiner eg.

leb3s said...

http://www.youtube.com/watch?v=OsFEV35tWsg

ang nazisme

anbefaler philip zimbardo sin tale om ondskap og menneskers kapasitet til det onde

svært skremmende

Hallvard N. Jørgensen said...

Interessant. Ja, dette er skremmande. Det er for øvrig Zimbardo med Stanford-eksperimentet ;)