Saturday, January 25, 2014

Resymé av Fesers "Last Superstition"

Det er ingen løyndom at eg har vorte djupt påverka av Ed Feser og hans forfattarskap. Eg trur nok dette er ein påverknad som kjem til å halde fram; i mai kjem han med ei lærebok om skolastisk metafysikk. No er det klart at det er ein haug av problemstillingane som er kontroversielle, og som eg ikkje har tenkt nøye gjennom. Men så langt verkar det overtydande, og eg har jo også etterprøvd ein haug av referansane hans, og Feser er verkeleg etterretteleg. Han veit kva han driv med, og resonnementa ligg ope i dagen slik at dei er greie å forholde seg til, og evt. freiste å utfordre. Uansett: Eg anbefaler dykk å lese Feser, særleg Last Superstition (boka må lesast sakte, nøye, og med stadig blikk til fotnotene! Her er meir å hente enn ein trur ved fyrste gjennomlesing). (Sjølv har eg tenkt at eg før eller seinare også verkeleg må lese skikkeleg ateistlitteratur, til dømes JL Mackie. Her er eit hol.) Uansett; nokon ville gjerne ha eit resyme av boka, og eg postar det her også. Det kan lette forståinga å få eit overblikk, kanskje.


Edward Feser, Last Superstition

Resymé av innhaldet:

Kapittel 1: "Bad religion"
 Dette er eit kapittel som gjev eit slags "kart" over dagens situasjon innan debatten. Feser presenterer den såkalla "nyateismen", og gjev ein kritisk profil av deira syn på vestleg idehistorie og kristendom. Han presenterer grunntrekka i "oppsvingen" i kristen filosofi dei siste tiåra, og peikar på korleis han sjølv reint sjølvbiografisk vart prega av dette. Han seier ein del om korleis moderne naturvitskap kan setjast innanfor ulike metafysiske rammer, og peikar på at det innan sekularismen skjer ein "abuse of science". Feser drøftar deretter i kva grad moderne ateisme og sekularisme i seg sjølv kan sjåast som ein "counter-religion" til klassisk kristen tru. Så fylgjer eit oversyn over progresjonen i boka. [Ok, Feser er langt meir sterk i tonen enn ein får inntrykk av her].

Kapittel 2: "Greeks bearing gifts"
 Dette kapittelet gjev ein nødvendig skisse av røyndomsforståinga i tidleg gresk filosofi og utover til Platon og Aristoteles. Som han sjølv seier, kan kapittelet verke litt tørt, men det vil snart vise seg kor avgjerande viktig det er å ha eit godt grep på desse tinga. Han drøftar særleg ulike syn på "idear" og "essensar" og "universalier". Finst slike, og kvar er dei i så fall å finne? Han presenterer fleire gode argument for eit "realistisk" syn på universalier. (Han forklarar alt dette på forståelege og lesbare måtar). Feser held så fram med å gje si skisse av aristotelisk metafysikk, dvs. den grunnleggjande forståinga av "strukturen" i røyndomen, inkludert sentrale ord og omgrep som høyrer til her. Dette er den mest "tekniske" delen av boka, men det vil raskt vise seg at dette er superviktig stoff i møte med moderne ateisme og materialisme.

Kapittel 3: "Getting medieval"
Her kjem Feser til eitt av sine ekspertfelt; Aquinas. Han tek utgangspunkt i Dawkins' skildring av Aquinas, som er "håplaus". Han går nøye gjennom kva feil Dawkins og nyateistar gjer, når dei kritiserer Aquinas og hans argumentasjon for Guds eksistens, samt metafysisk røyndomsforståing. Han drøftar ulike variantar av gudsbilete som kan finnast både hjå kristne og ateistar. Så går han i gang med å gje djupe og seriøse forsvar av dei klassiske argumenta for Guds eksistens: "Den ubevegede beveger," "Den fyrste årsak," "Den absolutte fornuft" osb. Det kan seiast at få i verda har arbeidd betre og meir grundig med å drøfta moderne innvendingar til klassiske gudsprov.

Kapittel 4: "Scholastic aptitude"
Her drøftar Feser ulike sider ved ei skolastisk forståing av røyndomen, sett i høve til moderne sekularistiske/materialistiske. Han drøftar kva vi skal tenke om "sjela" (Feser har for øvrig skrive ei lengre bok om moderne medvitsfilosofi). Han gjev grundige argument for at sjela er kroppens "form," og at sjela ikkje kan vere heilt materiell, slik moderne fysikalistisk filosofi hevdar. Han kjem innom spørsmålet om når eit menneske blir eit menneske, noko som er relevant for abortdebatten. Han argumenterer filosofisk for at dette skjer frå den fyrste zygoten, samansmeltinga av egg- og sædcelle. Han kjem også innom konsekvensen av dette synet, for spørsmål knytt til dødshjelp, dvs. når eit menneske faktisk kan seiast å vere dødt.

Feser går vidare til ei drøfting av den såkalla naturretten, dvs. den naturlege lovopenberringa. Han drøftar korleis ein ut frå aristotelisk naturforståing kan seie noko om kva som er godt for ein ting eller eit menneske, dvs. seie noko om korleis menneskets natur kan utfaldast og blomstre på ein god og rett måte. Han drøftar mange sentrale innvendingar mot denne klassiske måten å tenke (som ein for øvrig meir eller mindre finn i NT). Så kjem ein lengre del i kapittelet, der han viser kva konsekvenser for ekteskap og seksualliv denne naturrettsforståinga får. Han peikar på korleis kjønnsorgan og seksualitet er innretta mot å binde ektefeller saman, og mot å få born. Difor blir homoseksualitet, abort og prevensjon urett ut frå denne tenkinga. Desse går "imot naturen" på ulike måtar.

Feser går vidare til ei skolastisk drøfting av tru, fornuft og det vondes problem, med utgangspunkt i moderne ateistiske innvendingar. Filosofien kan leggje til rette for eit verdsbilete som gjer at evangeliet og oppstoda framstår som plausible og truverdige. Tru og fornuft heng såleis saman, og stør kvarandre. Såleis opnar også eit klassisk filosofisk verdsbilete for trua på guddomelege mirakel og trua på treeininga. Kristendom er ikkje "irrasjonalitet", sidan ein heile vegen gjev argument for kva ein trur, anten av filosofisk art, eller av openberringsart, eller ved å vise til autoritet - d. e. Gud og kyrkja (dette argumentet er gyldig, men for dei meir lærevillige, gjevast det også rasjonelle argument for at autoriteten er truverdig).

Medan han heile vegen er i diskusjon med ateistiske innvendingar, går Feser vidare til det vondes problem. Dette løyser han ved Aquinas' argument om at Guds rike vil kunne vege opp for vonder i denne tida. Ateistar kan av ulike grunnar ikkje gje avgjerande innvendingar til dette argumentet, bortsett frå reint emosjonelle og eksistensielle (som Feser understrekar at er viktige å ta på alvor. Men han drøftar spørsmålet om vondskap logisk og rasjonelt gjev eit prov imot Guds eksistens.)

Kapittel 5: Descent of the modernists
Dette kapittelet dreier seg om framveksten av moderne filosofi. Korleis gjekk det eigentleg til at vesten forlot den røyndomsforståinga vi har høyrd om i dei tidlegare kapitla - ei røyndomsforståing som var såpass tydeleg i overeinsstemming med det kristne livssynet? Feser byrjar ved å vise til middelalderfilosofar som tok oppgjer med mykje av Aquinas og den klassiske tenkinga; Duns Scotus og William Occam. Særleg dreide dette seg om avvisninga av universalier, dvs. at einskilde ting har felles naturar.

Feser går over til tidleg-moderne tid, og er innom spørsmålet om brytningar i framveksten av moderne vitskap, samt Galilei-tilfellet. Men den avgjerande endringa her, er i naturforståinga. Moderne naturvitskap søkte å kontrollere naturen, og å forstå naturen på kvantitative og matematiske måtar. Frå no av vert verda sett som ei samling av små partiklar, som ikkje er bunde saman av naturar, som ikkje har "naturar," som ikkje har føremål. Men denne "overgangen" til det moderne verdsbiletet var basert på val av annan filosofi, det var ikkje ein logisk konsekvens av naturvitskaplege oppdagingar.

Konsekvensene skulle vise seg å være enorme. Det er knapt mogleg å finne rom for "sjela" og det menneskelege intellekt og medvit i eit slikt verdsbilete. Like eins blir klassisk naturrettsleg moral - og moral i det heile teke - umogleg å grunngje. Det same gjeld "sekundære kvalitetar" som fargar, luktar, lydar, smakar, varme. Alt som ikkje "passar" i den mekanistiske modell, eksisterer ikkje. Dette inkluderer også Gud sjølv, og menneskesinnet, som nemnt. Vitskap blir difor umogleg, gjeve denne modellen.

For øvrig har moderne naturvitskap forlatt den tidlegmoderne forståinga av "materie." Likevel forblir konsekvensene av materialismen, i dagens filosofi. Feser held fram med å peike på andre "gåter" som oppstår i moderne filosofi, når ein går for mekanistisk og materialistisk metafysikk. Dette er gåter som "skeptisisme-problemet," dvs. korleis menneskesinnet kan kjenne den ytre verda, når det ikkje lenger er nokon "form" som delast av tingen pdes. og menneskesinnet pdas.

Feser går også inn på induksjonsproblemet i moderne vitskapsfilosofi, samt spørsmålet om personleg identitet; dvs. korleis eit menneske kan vere "eitt" når det berre består av ei mengd partiklar utan nokon "form" eller "natur" som bind det heile saman. Også menneskerettar blir umoglege å grunngje, sidan det ikkje lenger finst nokon "naturlege mål" som mennesket er innretta mot å oppfylle, og som det vil vere gale å bryte. Dette drøftast relativt grundig av Feser.

Igjen; alt dette er naturlege og logiske konsekvenser av ei moderne røyndomsforståing. Og det vi i fylgje Feser no ser, er at dette steg for steg utarbeidast i akademia, i politikk, i samfunn. "The only possible remedy now left is to go back to first principles, for where ordinary commonsense judgments about what is real and what is right are concerned, there is almost no common ground left between religious believers and secularists."

Kapittel 6: Aristotle's revenge
Eit gjennomgåande tema i Fesers bok er at den moderne materialistiske røyndomsforståinga som informerer ateismen og religionskritikken, ikkje berre er katastrofal i sine konsekvenser, men også er logisk inkoherent, i utakt med moderne vitskap, og difor ikkje kan vere sann. Dette kapittelet går djupare inn på denne argumentasjonslinja, og viser kvifor ei aristotelisk røyndomsforståing er langt meir fruktbar også i vår tid.

Feser byrjar her med å drøfte "eliminativ materialisme," som ein til dømes finn hjå filosofar som ekteparet Churchland. Desse meiner - med utgangspunkt i nettopp ei moderne røyndomsforståing - at kjensler, stemningar, ynskjer, trusforestillingar, resonnering etc. rett og slett er illusjonar. Dei eksisterer ikkje. Alt som eksisterer, er slikt som kan skildrast med nevrovitskapleg sjargong. Sinnet eksisterer ikkje, kun hjernen. Dette er ei logisk utarbeiding av avvisninga av den klassiske røyndomsforståinga, men det er også eit absurd syn som ikkje er koherent. Feser viser dette i detalj.

Ikkje mange filosofar står for dette radikale synet, men Feser argumenterer for at det er dette synet som er mest logisk, gjeve dei underliggjande metafysiske premissa. Dette viser Feser i detalj, og her går han også inn på den populære ideen om at menneskesinnet er best å forstå som ei "datamaskin." Feser held fram med å vise at også teleologi - ibuande føremål i naturen - er nødvendig å rekne med for ei koherent forståing av ulike fenomen, som menneskeleg tenking, biologiske organismar, naturlover o. l.

Han konkluderer difor med at det er den klassiske filosofien som gjev det mest rasjonelle rammeverket for å forstå desse fenomena. Konklusjonen blir difor også at dette rammeverket understøttar eit meir eller mindre klassisk verdsbilete, som peikar tydeleg i retning av det kristne livssynet.

10 comments:

Anonymous said...

Hei Hallvard,

Du anbefaler for mange bøker, Kindle'n min er full snart, men får aldri lest dem:)

Men et spørsmål, har du gjort det noen refleksjoner omkring hvordan denne metafysikken vil prege gudsbildet og forståelsen av relasjonen mellom Gud og verden/msk?

Jeg spørs fordi i min GT-verden har det de siste tiår, si etterkrigstiden, i mange kretser vært et oppgjør med det man omtaler som et "aristotelisk gudsbilde." I stedet for den "ubevegelige beveger" finner man i GT - og i jødisk tradisjon -snarere et bilde av den høyst bevegede beveger. Jeg mistenker at GT-folk ikke nødvendigvis kjenner sin Aristotles veldig godt - inkludert meg - så det kunne være interessant å høre hvordan du tenker om dette.

mvh
Håkon

Hallvard N. Jørgensen said...

Hei, Håkon! Ja, eg har jo gjort meg mange refleksjonar om dette, men er veldig på veg.

Hm. Kort sagt tenker eg at ein fruktbar veg vidare her, må vere å sjå til korleis oldkyrkja (og middelalderkyrkja) løyste denne tematikken. Eg har nyleg lese ein del om dei kappadokiske fedrane, og korleis dei "sam-tenkte" Bibelens Gud med filosofanes Gud (Pelikan, Christianity and classical culture - metamorphosis of natural theology...)

Vel, kva skal eg seie. Det er ulike måtar å tenke teologi på her ikkje sant. Dvs. den lutherske måten er, grovt sagt, veldig nær bibelteksten, og skal la teksten bestemme dogmatikken. (Men det er klart at Luther hadde veldig sofistikerte tankar om Gud).

Slik er det jo også i oldkyrkja, samstundes som oldkyrkja tenkte litt meir på "sjølve saka" bak orda og språket, om du skjønar (dvs. Gud). Dei kappadokiske fedrane, til dømes, insisterer på at all tanke og alt språk - jamvel Bibelens! - ikkje når fram til Gud "slik han er", men berre kan brukast "analogt," som vegvisarar mot det evige.

Samstundes var jo oldkyrkja langt meir dynamisk, i møte med ein hellenistisk kultur som pressa kyrkja og som til tider truga ho på livet. Det var høgst nødvendig å tenke konstruktivt gjennom desse tinga.

Samstundes var det eit prosjekt som Paulus og dei apostoliske fedrane hadde byrja på allereie, ikkje sant. Jfr. til dømes Apg 17 for det tydelegaste dømet, men sameininga av jødedom og hellenisme var allereie i full gang på Jesu tid (jfr. Hengel, Judaism and Hellenism), og oldkyrkja fylgte på sett og vis berre premissa og prinsippa som var lagt allereie: Gud er alle tings Gud, og han er opphav til all sanning.

Difor er det ei stor teologisk oppgåve som ligg og ventar her, i å vise korleis dette faktisk kan vere tilfelle, i møte med annan gudskunnskap og annan generell kunnskap. Det var ikkje eit alternativ å gjere JHVH til ein "nasjonalgud" eller ein "stammegud."

Men ja - det er ei spenning her, mellom reint historiske lesingar av GT pdes. og bruken av GT inn i den større, "syntetiske" oppgåva pdas. Når ein ser på eksegesen til kyrkjefedrane, til dømes, så er dei langt meir frie til å bruke tekstar frå GT inn i andre kontekstar, dvs. til å seie ting som er relevante inn i andre kontekstar enn berre den umiddelbare "Ancient Near East"-konteksten.

Eg funderer på dette. Ein historiker arbeider med bibeltekstar, og leitar etter meininga i ord og setningane ut frå omkringliggjande språk og kultur, samt strukturen i teksten sjølv, ikkje sant. Samstundes må vi også spørje kva teksten har å seie om sjølve røyndomen, ikkje sant - ein røyndom som vi må rekne med at også er felles med den vi sjølve lever i. Dette er jo store hermeneutiske spørsmål. Poenget mitt er at det historiske arbeidet med teksten berre kan vere eit fyrste steg, om du skjønar. Ein har då enno ikkje sagt nok om kva teksten har å seie om sjølve røyndomen, om du skjønar.

Hallvard N. Jørgensen said...

Hm. Uansett, for kyrkjefedrane var det ein "absolutt" at Gud er uforanderleg og "impassible". Men dei heldt ganske sofistikerte oppfatningar av kva dette innebar (det treng med andre ord ikkje å stå i motsetning til at Gud handlar og verkar). Men det er klart at det var ein vekselverknad her, mellom filosofiske gudsoppfatningar pdes. og bibelske gudsoppfatningar pdas. Ein freista å få ting til å henge ihop, men ynskte å gje Bibelen primat. Men ein bruka altså noko andre hermeneutiske reglar enn vi; ein skjelna ikkje så skarpt mellom eksegese og systematikk, og kunne også villig ta i bruk allegoriske lesingar (dette gjeld i det minste ein del av kyrkjefedrane). Og ein kunne vere villig til å "bøye" tolkningar litt, i ljos av det større gudsbiletet.

Eg tenker uansett at dette er ein tematikk som vi som lutheranarar ikkje kjem unna. Det er ubestrideleg at NT er i full gang med den "syntetiske" oppgåva, liksom også den jødiske bakgrunnen for NT er det. Ein finn jo ei lang rekke utsegner om Gud gjennom Bibelen. Men vi må rekne med at Gud, slik han er i seg sjølv, er éin (og uforanderleg). Eg seier ikkje at vi dermed skal sjalte ut visse perspektiv i Bibelen til fordel for andre. Men det er klart at ting er spenningsfylte her, og i den grad vi tek den systematiske oppgåva på alvor, må vi finne måtar å lese desse tekstane i ljos av kvarandre, om du skjønar. (Dette er eit poeng eg har frå James Barr).

Eg meiner, hm. Det er jo meir eller mindre ubestrideleg at ein finn ei utvikling av gudsbiletet i Bibelen - ei utvikling som også har ei forhistorie, og ein omkringliggjande kontekst (eg tenker til dømes på Mark S. Smiths forskning her). Ein kan kalle det "fremadskridende åpenbaring", kanskje.

Vel! Stor og viktig tematikk. Kanskje du har fått med deg at dette er eit poeng L Gule stadig nemner, i sin kristendomskritikk: "Filosofiens Gud og Bibelens Gud er ikke den samme!" Så her er verkeleg ting det er nødvendig å tenke gjennom for oss, ikkje sant.

Du får sjå, kanskje du kan invitere til ein konferanse om dette på Fjellhaug etter kvart ;)

Håkon Sunde Pedersen said...

Takk for fyldig respons! For øvrig godt å se at du fremdeles sier "vi lutheranere":)

Andre interessante poeng her kan også være forholdet mellom MT og LXX. Særlig i Jer er det store forskjeller, og tendensen synes relativt klar, MT har på flere steder en atskillig mer dristig retorikk om Gud enn MT. Dette er også et inntrykk jeg sitter igjen med etter å ha lest litt øvrig mellomtestamentlig litteratur.

Et eksempel som kan nevnes her Bodas arbeid med klagesalmenes historie, og forholdte mellom "laments" og "penitential prayers".

På den andre siden synes det også å gå en jødisk tradisjon som i mye større grad bevarte den dristige retorikken i sin God-talk.

Mvh
Håkon

Hallvard N. Jørgensen said...

Hei igjen. Ja, det er verkeleg spennande, med variasjonar mellom MT og LXX, samt variasjonar mellom ulike "strands" av GT og mellomtestamentlege tekstar.

Det er klart at vi må ha ein openberringsteologi som kan "romme" desse tinga, ikkje sant. Eg tenker jo sånn generelt også at det ikkje er mogleg å tenke heilt skarpt "kanonisk" her, av mange grunnar. Til dømes: Kanons avgrensing var ein gradvis prosess, og grensene her er noko "fuzzy". Eller: NT sine forfattarar bruka LXX. Eller: GT-tekstar er i (kritisk og konstruktiv) dialog med ANE-tekstar. Eller: NT-forfattarane er i nokon grad prega av mellomtestamentlege tradisjonsutviklingar, i sine tolkingar og lesingar av GT-tekstar.

Poenget mitt er at eg kanskje ser ein meir brei "tradisjons-modell" som meir fruktbar enn ei skarp kanonisk lesing som vi er van med frå (ikkje alltid like sofistikerte) representantar i vår tradisjon.

Eg seier "vi lutheranarar", ja :) Men det er ein svært økumenisk lutherdom, i så fall! (Det var jo det som opphavleg var meininga også...)

Håkon Sunde Pedersen said...

Bare en kjapp replikk på tampen av kvelden.

Som GT-gutt ligger det vel i blodet at jeg vil ha vanskelig for å la GT-tekstene overkjøre av hva som helst. Altså, jeg tror nok det skyldes vel så mye at jeg er GT-gutt som at jeg er lutheraner. Jeg ser nemlig et betydelig teologisk potensiale i den dristige retorikken som vi finner så mange plasser i GT. Samtidig er jeg opptatt av å forsøke å ivarta dialogen og relasjonen med ulike jødiske tradisjoner som har bevart denne retorikken i sin tale om Gud.

Det er åpenbart mange utfordringer her...

Men jeg skulle gjerne hatt tid til en lengre samtale der du utfoldet hvordan du tenker om relasjonen mellom gudsbegrep, gudsbilde og bibeltekst opp gjennom historien.

Som du kanskje kjenner til er jo mitt PhD-prosjekt nettopp orientert mot dette med retorikk og gudsbilde i Jer. Så jeg skulle ha stor interesse av å bli litt opplyst om den historisk utvikling og tenkning omkring disse tingene.

Håkon

Anonymous said...

Hei!

Tillater meg å dele noen enkle tanker. Det er vel slik at også de tidlige filosofisk skolerte kirkefedre/apologeter, som f.eks Justin, synes å erkjenne en spenning mellom et filosofisk gudsbegrep og de bilder av historiens Gud som trer frem i GT. Dette er altså ikke bare en moderne problemstilling.

Selv om det finnes spor av allegorisk GT-tolkning i NT og hos tidlige fedre, mener jeg at det først er senere med Klemens og Origenes at denne måten å lese GT på kommer inn for fullt(for øvrig en metode som også hadde vært vanlig for å gjøre Homers gudeverden mer filosofisk akseptabel). Dette er etter min mening ingen farbar vei. Her mister teksttolkningen all historisk bakkekontakt.

For NT og de tidlige fedre er det imidlertid andre tolkninger som er mer framtredende. Man holder fast på en historisk forståelse av GT, (kanskje ikke i moderne forstand), men i forhold til skjemaet profeti-oppfyllelse, typolgiske historieforestillinger samt preinkarnsjons-tolkninger av antropomorfe Gudsframastillinger i GT. Det er i følge Justin ikke Jahve eller den ubevegede første beveger som åpenbares for Moses i tornebusken, men Sønnen.(Jfr også Hvordan navnet "Herren" i LXX overføres på Kristus i NT jfr Filipperne. 2,11.)

Dersom man med NT og de tidlige fedre, skal tenke en gradvis åpenbaring med NT som oppfyllelse, og samtidig ivareta en klassisk filosofisk gudsforståelse, tror jeg f.eks. Justin ville vært et interessant utgangspunkt for studier. Så er det jo vår tids utfordring å lese Justin og fedrenes forståelsen av GT i forhold til moderne ANE-tolkning av tekstene i den hebraiske bibel. Her ligger selvsagt utfordringen, men jeg tror ikke den er uoverkommelig.


Mvh

Stig Pedersen

Hallvard N. Jørgensen said...

Takk for flotte innspel! Eg reiser til Kviteseid på måndag ettermiddag, og blir der ei god stund. Så det måtte vore måndag føremiddag; elles kjem eg også attende om ca. ein månad. Men ver frimodig til å invitere til fagsamlingar/konferansar med små innlegg og open dialog om desse tinga også.

Stig: Det er viktige innspel. Ein ville jo tenke at "Logos" verka i alle ting, også før Kristus kom som menneske. Eg har ikkje lese Justin nøye, så her er det verkeleg eit "stort lerret å bleike". Det er sikkert skrive gode ting om dette. Eg tenker elles at "allegori" er ein litt slippery term. Eg bruka det ganske lausleg. Det er rett, som du seier, at oldkyrkja las GT kristologisk, men kva dette konkret betydde, kunne - som du også understrekar - vere ganske variert og vidt, med eit stort antal ulike tolkningsmetodar. Så eg er samd i deg at det er ei slik retning eg ynskjer å "pense inn" på, når eg talar om "allegori".

Peter Leithart har skrive ei interessant bok her, "Deep exegesis", som eg trur er ganske interessant. Elles er vel dette eit felt der du og Fjellhaug har rimeleg godt oversyn, Håkon.

Håkon Sunde Pedersen said...

Hei,
Jeg blir i Cambridge mer eller mindre ut mars. Deretter er det pappaperm frem til sommeren. Så vi får ta det litt på sikt.
Hadde for øvrig en spennende fagsamtale med T Austad om disse tingene på Fjellhaug for et par år siden, men jeg trenger enda flere innspill så vi får se hva vi kan få til.

Når det gjelder GT og kirkefedrene er det alt for lenge siden jeg arbeidet med det - dessuten leste jeg da også bare (enkel)sekundærlitteratur.

mvh
Håkon

Hallvard N. Jørgensen said...

Den er grei, kos deg i Cambridge! Det blir sikkert plenty av moglegheiter for å ta tak i desse problemstillingane etter kvart.